Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Vil du vere med på å vidareutvikle Køyretøyseksjonen?

$
0
0

Statens vegvesen Vegdirektoratet - arbeidssted Oslo

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.


Vil du vere med på å vidareutvikle Køyretøyseksjonen?

Vi søker ein kontorleiar som trivst med hektiske arbeidsdagar og som blir motivert av å leie fagområde i rask utvikling. Stillinga er fast med arbeidsstad i Vegdirektoratet på Brynseng i Oslo.

Kontor for køyretøyteknikk har ansvar for utvikling, rettleiing og handheving av regelverket på det køyretøytekniske området. Dette regelverket skal sørge for at køyretøy som blir registrerte i Noreg, har tilstrekkeleg gode miljø- og trafikktryggleikseigenskapar. Kontoret skal også jobbe med utgreiingar av køyretøyfaglege spørsmål og sakshandsaming på køyretøyområdet, i tillegg til å gi fagleg støtte til regionane. Ein stor del av det køyretøytekniske regelverksarbeidet skjer internasjonalt, og kontoret har ansvar for å følge opp dette arbeidet. Eininga har 13 medarbeidarar inkludert leiar og er eitt av to kontor ved Køyretøyseksjonen i Trafikant- og køyretøyavdelinga.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Leie arbeidet i eininga med fag-, personal-, budsjett- og resultatansvar
  • Bidra til utvikling av fagområdet
  • Bidra til fagleg samhandling og best mogleg ressursutnytting på tvers av kontora
  • Deltaking i leiargruppa til seksjonen
  • Kontakt med regionane i Statens vegvesen, andre etatar, fagorganisasjonar og bransjen elles

Kvalifikasjonskrav

Du må ha utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, helst innan juridiske eller tekniske fag. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til formell utdanning fråvikast. Arbeidsoppgåvene krev at du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk i tillegg til gode engelskkunnskapar. Det er ein føremon med kjennskap til EØS-arbeid og internasjonal regelutvikling.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du er opptatt av personalleiing og personalutvikling, har fokus på strategisk tenking og har evne til å motivere og leie. Vi ser også etter eigenskapar som struktur og gjennomføringsevne. Juridisk og/eller teknisk innsikt på køyretøyområdet er ein fordel i denne rolla.

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar av kontoret er det viktig at du

  • kommuniserer klart og presist, at du samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenke i framtidsscenario og vurdere kva for krav dette stiller til det vi leverer
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivnadane og vere tilgjengeleg
  • er fleksibel når det gjeld reiseverksemd

Alle leiarar i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere medvitne om at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Vi tilbyr

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode moglegheiter for fagleg påfyll

Løn blir avtalt nærare i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen skal pregast av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om det.

Vil du vite meir? Ta kontakt med avdelingsdirektør Espen Andersson tlf. 22 07 34 29/917 59 551.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 11. september 2015 eller gå vidare til «send søknad/søk her». 

 


Send application ]Region:
Oslo

Application deadline:
11.09.2015

Expected Start Date:
Etter avtale

Location:
Brynseng, Oslo

Send application ]

Contacts:
Espen Andersson
Telephone: +47 22 07 34 29
Mobile: +47 917 59 551


Viewing all articles
Browse latest Browse all 747