Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Rådgjevar - ruteplanleggar

$
0
0

Måla for kollektivtrafikken i Hordaland er ambisiøse, og Skyss arbeider for at talet kollektivreisande skal auke vesentleg i åra framover – spesielt i Bergensområdet. Kollektivtilbodet skal framstå som eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å bygge opp eit kollektivtilbod som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Nye digitale kanalar for trafikantinformasjon stiller også stadig høgare krav til kvalitet i og forvaltning av rutedata som ligg til grunn.

Stillinga som ruteplanleggar er knytt til avdeling Trafikktilbod i Skyss. Avdelinga har mellom anna ansvar for det langsiktige, strategiske utviklingsarbeidet knytt til rutetilbodet, operativ dagleg ruteplanlegging og forvaltning av rutedata. Avdelinga er inndelt i tre faggrupper, og stillinga tilhøyrer faggruppe tilbodsutvikling. Oppgåvene som ligg til den ledige stillinga vil vere knytt både til den langsiktige planlegginga av trafikktilbodet, operasjonalisering av langsiktige planar til dagleg drift, og arbeid med rutedata.

 Arbeidsoppgåver for stillinga: 

  • Utvikling av rutetilbod og linjenett – både buss, bane og båt – i heile fylket
  • Utvikling av busstilbodet i Bergensområdet spesielt
  • Ruteplanlegging og kvalitetssikring av rutedata
  • Analysar av transportbehov og moglegheiter for kollektivtrafikken
  • Planarbeid og uttalar knytt il infrastruktur og framkomsttiltak for kollektivtrafikken

 Personlege eigenskapar:

  • Løysningsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • God arbeidskapasitet

 Kvalifikasjonar: 

  • Høgare utdanning innanfor relevante fagområde
  • Ønske om kompetanse innan planlegging av transport, effektiv logistikk og produksjonsplanlegging og/eller veg- og trafikkplanlegging
  • Ønske om erfaring frå planprosessar for areal- og transportplanlegging og fysisk tilrettelegging for kollektivtrafikk
  • Nyutdanna søkarar vil også bli vurderte  

Følgjande blir tilbydd: 

  • Spennande oppgåver i eit engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar gjennom Hordaland fylkeskommune
  • Fleksible arbeidstidsordninger
  • Lønn etter avtale

Ein person med sterkt engasjement for kollektivtrafikken si rolle i samfunns-, by- og regionsutviklinga vil i denne stillinga ha moglegheit for betydeleg innverknad på kollektivtrafikken i Hordaland.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)