Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Prosjektmedarbeidar

$
0
0

Vi søkjer medarbeidar til mellombels stilling ved Miljøseksjonen, Trafikksikkerhet, miljø og teknologiavdelinga i Vegdirektoratet. Engasjementet har varigheit frå 1.12.16 til 31.12.16.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

Prosjektmedarbeidaren vil få ansvar for å utarbeide eit metodegrunnlag for før- og etterundersøkingar av naturmangfald i samband med vegbygging. Arbeidet vil fokusere på utvalde terrestriske og akvatiske organismegrupper, og inkluderer litteraturstudie, diskusjonar med fagpersonar og skriving av rapport. Metodane som skal føreslåast gjennom prosjektet må kunne etterprøvast, og ressurskrava knytte til praktisk gjennomføring av før- og etterundersøkingane må vere tilpassa tidsmessige og økonomiske rammer for vegprosjekta. . Løysingane skal kunne passast inn i Kvalitetssystemet til Statens vegvesen, og stemme overeins med Statens vegvesen sine handbøker og rettleiarar, til dømes handbøkene Vegbygging (N200), Konsekvensanalyser (v712), Veger og dyreliv (V134), Vegetasjon ved trafikkårer (V271) og Feltundersøkelser (R211).

Arbeidsoppgåver:

  • Sluttføre arbeid knytt til identifiserte indikatorar/organismegrupper og utarbeide rapport.
  • Tilpasse metodane til kvalitetssystemet i Statens vegvesen

Krav til kvalifikasjonar

Du må ha mastergrad frå universitet eller høgskule innan biologi. Vidare må du ha erfaring frå litteraturstudiar og du må ta omsyn til fleire fagpersonar med ulike meiningar. I tillegg må du ha erfaring frå arbeid med handbøker, fortrinnsvis frå statleg verksemd.

Arbeidsoppgåva/stillinga krev at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på

  • evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og strukturert
  • evne til effektiv kommunikasjon og konstruktivt samarbeid
  • gjennomføringsevne og organisasjonsforståing
  • evne til analyse og vurdering, fagleg ekspertise

Løn blir avtalt nærare i samsvar med lønspolitikken vår.

Kontaktperson: Sidsel Kålås, 951 88 572

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 11 november eller søk på søkeknappen opp til høyre. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)