Quantcast
Channel: TU Jobb | Søk i stillingsmarkedet for ingeniører og teknologer | TUJobb
Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Trafikkoperatørar

$
0
0

Statens vegvesen Region vest

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.


Trafikkoperatørar

Kan du bli den dyktige trafikkoperatøren for styring, overvaking og informasjon på vår Vegtrafikksentral?  

På grunn av auka arbeidsmengde treng vi å styrke laget vårt med dyktige fagpersonar ved vår operative beredskapseining; vegtrafikksentralen. Stillinga inneber styring- og overvaking av vegnettet og vegtrafikken. Du evner å oppdage situasjonar, ta imot og formidle informasjon om kva som hender på vegane, loggføre og setje i gong tiltak etter gjeldande prosedyrar. Geografisk ansvarsområde er fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Vegtrafikksentralen har 3-skiftplan med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste oppgåvene er styring- og overvaking av vegnettet, vegtrafikken og miljøet rundt vegnettet, ved å ta ansvar og setje i gong naudsynte tiltak. Dette inneber utstrakt bruk av dataverkty med loggføring og fjernstyring av tekniske installasjonar. I tillegg er ei viktig arbeidsoppgåve å ta imot og formidle veg- og trafikkinformasjon, gjennom å betene publikumstelefonen 175 og distribuere veg- og føremeldingar.

Ved særskilde hendingar, som mellom anna trafikkulukker, vil ein trafikkoperatør arbeide med mange oppgåver og kunne ha eit høgt stressnivå, men framleis evne å vurdere situasjonar ut frå eit tryggleiksperspektiv. Dette krev tett samarbeid med kollegaer, politi og andre redningsetatar, entreprenørar og byggherrer, og ein tett dialog med publikum, samt utstrakt mediekontakt med både fjernsyn og presse. Du vil også yte beslutningsstøtte for drift og vedlikehald av veg -og veginstallasjonar.

Kvalifikasjonskrav
Du bør ha 2-3 års utdanning frå universitet eller høgskule innan aktuelle fagretningar som t.d.; tekniske fag, media/kommunikasjon eller operativ utdanning. Har du relevant praksis frå desse fagretningane, ev. etterutdanning, erfaring frå stillingar med koordinering-/beslutningsansvar eller gode personlege føresetnader, kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).  

Du må ha god forståing og gode ferdigheiter i bruk av dataverkty, kartverkty og forståing for veg og trafikk. Evne til å gje konsise meldingar på norsk og engelsk, og god skriftleg formuleringsevne på norsk, er vesentleg for m.a. mottak av publikumstelefonar, handtering av presse, loggføring og handtering av særskilde hendingar.  

Arbeidet krev at du har god hørsel, godt syn (medrekna fargesyn) og ingen sjukdomar som kan gje anfall (epilepsi, sukkersyke).  Du må stette krav til tryggleiksklarering nivå «begrensa», og minimum ha førarkort kl. B.

Dei som trivst og lukkast i stillinga;
Styrer og overvaker vegnettet proaktivt i tett kontakt med publikum og kollegaer med bruk av naudsynt teknisk utstyr. Dei får energi av å omstille seg raskt for å ta ansvar for stressituasjonar som tidvis oppstår, dei handlar sjølvstendig, er tryggingsorientert, arbeidar metodisk, ser moglege konsekvensar av hendingar, tek beslutningar og kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner.  

Hos oss blir du ein del av;
Eit engasjert og profesjonelt fagmiljø som deler kunnskap og jobbar tett saman med kollegaer med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Medarbeidarane våre fortel om spanande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr:

  • Introduksjonsprogram og rettleiarordning.
  • Statens vegvesen sitt obligatoriske opplæringsprogram for trafikkoperatørar: Lokal opplæring (praktisk og teoretisk) og trafikkoperatørstudiet. Dette gjer ein autorisasjon gjennom en teoretisk og en praktisk prøve.
  • Etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll og personleg utvikling.
  • Pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse.

Løna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. I denne stillinga vert det gjeve tillegg for ukvem arbeidstid i samsvar med gjeldande avtaleverk.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

 

*LI-PRIORITY

 


Send application ]Region:
Hordaland

Application deadline:
14.08.2016
Location:
Bergen

Send application ]

Contacts:
Cecilie Bakke Johannessen
Telephone: +47 55516557
Mobile: +47 99203219


Viewing all articles
Browse latest Browse all 747

Trending Articles


Nissepar fra Arne Hasle


GAMLE PJOLTERGLASS - 15 cm. - HADELAND -


Gjøglere på terrassen


Av: Jotun LADY


DrugExpert Cup V Multi 6 narkotikatest 1 stk


Eiendommer solgt i juli


En hustavle av Arnulf Øverland - Denor keramikk


Lurer dama til å svelge sæd


Fartssperre polaris ranger 570 eps


Ledig rom i tomannskollektiv! (30.07.15)